«Er du interessert i kunst?» spurte hun. «Jeg ligger bare med kunstinteresserte menn!»
Oslo, februar 2000. Ein nokså dyster laurdags ettermiddag. Eg sat i baren på Lorry og drakk weissbier. Baren på Lorry. Ein kvileplass og eit himmelrike for ein sliten, middelaldrande mann. Så kom Anne og sette seg ved sida mi. Det var ikkje noko om og men. «Eg heiter Anne og eg set meg her!» Ferdig med det.Eg vart glad. Ho var i 40-åra og bar kvart einaste år med stoltheit. «Livet er ikkje for nybegynnarar,» lo ho og la ei hand på lå...