Du sat skrevs over meg no, med ryggen til. Eg rakk ikkje fram til puppene dine, men let hendene mine gli over rumpa, låra dine.
Vi hadde avtalt rammene i bilen på veg til jobb. For å gje fredagskvelden ein ekstra piff. Vêrmeldinga var god, og vi kunne vente varm sol og vindstille langt utover kvelden. Altså skulle vi vere ute. Skikkeleg ute. Ikkje i ein vekkgøymt krok i hagen. Vi skulle ut. Ut på tur. Sykkeltur. Avtalen var to klesplagg. Maks. I sykkelhengaren skulle vi ha med tepper, musserande vin, frukt – og kvar vår overrasking. Mest sentralt i avtalen var at den kv...